Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Rio de Janeiro

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Rio de Janeiro (fleirtyding).
Rio de Janeiro
by
Flagg
Våpenskjold
Fullt namn: Cidade de São Sebastião do Rio de Janeiro[1]
Kallenamn: A Cidade Maravilhosa
Forkorting: Rio
Land  Brasil
Stat Rio de Janeiro
Region Søraust
Høgd frå 0 til 1 021 m
Areal 1 260,029215 km²
Folketal 5 857 904 (1. august 2000)[2]
Grunnlagd 1. mars 1565
Språk portugisisk
Kart
Rio de Janeiro
22°54′40″S 43°12′20″W / 22.911111111111°S 43.205555555556°W / -22.911111111111; -43.205555555556
Wikimedia Commons: Rio de Janeiro

Rio de Janeiro er både namnet på ein delstat søraust i Brasil og namnet på hovudstaden i same delstat. Namnet tyder "Januarelva" på portugisisk.

Byen var hovudstaden i Brasil mellom 1763 og 1960 og hovudstaden i heile det portugisiske imperiet mellom 1808 og 1821. Byen vert som regel berre kalla Rio, og har i tillegg kallenamnet A Cidade Maravilhosa - "Den vidunderlege byen".

Byen er kjend verda rundt på grunn av fleire unike særtrekk: spektakulær natur, den årlege karnevalsfeiringa, samba og andre musikkformer, kjende strender som Copacabana, Ipanema og Leblon, og fortau pynta med svarte og kvite bølgjer. Dei mest kjende landemerka i tillegg til strendene er kristusstatuen Cristo RedentorCorcovado-fjellet, Sukkertoppen, karnevalsbygget Sambodromen, og Maracanã fotballstadion, som er ein av verdas største. Rio har òg den største skogen i verda som ligg innanfor bygrenser, nemleg Floresta da Tijuca, eller Tijuca-skogen.

Om ein inkluderer drabantbyane, er befolkninga på lag 14 millionar. Rio er den nest største byen i Brasil etter São Paulo, og var hovudstad i Brasil fram til 1960, då Brasília vart gjort om til hovudstad. Personar frå Rio vert kalla cariocas.

  1. Næverdal, Cato; Store norske leksikon (2005-2007): Rio de Janeiro i Store norske leksikon på snl.no. Henta 11. desember 2024.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Population by municipality». Henta 4. juni 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Population estimates for July 1st, 2015». Henta 4. juni 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 https://www.ibge.gov.br/estatisticas/sociais/populacao/9103-estimativas-de-populacao.html.
  5. 5,0 5,1 5,2 https://www.ibge.gov.br/estatisticas/sociais/populacao/9103-estimativas-de-populacao.html?edicao=31451.
  6. 6,0 6,1 6,2 «Tabela 9605 - População residente, por cor ou raça, nos Censos Demográficos». Henta 30. november 2024. 

Previous Page Next Page