Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Romsdalsfjorden

Utsyn over Romsdalsfjorden.
Satellitbilete som viser Romsdalsfjorden øvst, over Sunnmøre-fjordane og Nordfjord. Snøfylte dalar til høgre. (Kjelde: NASA)

Romsdalsfjorden er den niande lengste fjorden i Noreg med ei lengd på 88 km. Han ligg i Romsdal i Møre og Romsdal.

Starten av fjorden i vest vert rekna for å gå mellom Dryna i Midsund kommune og Brattvåg. Eit annan innløp ligg lenger nord ved Julsundet mellom Otrøya i vest og Molde i aust.

Fjorden forgreiner seg i dei mindre Tresfjord og Tomrefjord i sør, medan hovuddelen held fram mot aust. Fjorden deler seg så i tre greiner:

Frå Austlandet kan ein nå fjorden via Gudbrandsdalen ved Lesja og ned Romsdal til Åndalsnes. Dette er òg endestasjonen til Raumabanen.

Veøya - den heilage øya - var senteret i området før Molde. Han ligg der dei tre armane forgreinar seg frå fjorden og var det viktigaste handelssenteret i mellomalderen mellom Trondheim og Bergen. Mellomalderkyrkja St. Peter frå seint på 1100-talet er i dag eit museum, men det vert stundom halde gudstenester her.


Previous Page Next Page






Romsdalsfjord BAR Fiord de Romsdal Catalan Romsdalsfjorden CEB Romsdalsfjorden Danish Romsdalsfjord German Romsdalsfjord English Romsdalsfjord Spanish Romsdalsfjorden ET Romsdalsfjorden EU Romsdalsfjorden Finnish

Responsive image

Responsive image