Rotterdam | |||
by | |||
Erasmusbrua med sentrum av Rotterdam i bakgrunnen.
Foto: Ruud Zwart | |||
|
|||
Motto: Sterker door strijd – «Sterkare gjennom strid» | |||
Kallenamn: «Roffa» eller «Rotjeknor» | |||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Provins | Zuid-Holland | ||
Del av | Nederland | ||
Areal | 319,35 km² | ||
Folketal | 664 311 (1. januar 2023) | ||
Rotterdam 51°55′N 4°29′E / 51.92°N 4.48°E | |||
Kart som viser Rotterdam.
| |||
Wikimedia Commons: Rotterdam |
Rotterdam er den nest største byen i Nederland etter hovudstaden Amsterdam, og den største byen i provinsen Zuid-Holland (Sør-Holland). Byen har den største hamna i Europa, og var mellom 1962 og 2004 den travlaste hamna i verda, før Shanghai tok over den rolla. Han ligg ved breidda til elva Nieuwe Maas (Nye Maas), ein av elvane i elvedeltaet danna av Rhinen og Maas. Namnet Rotterdam har sitt opphav i at byen vart grunnlagd ved ein demning (dam) i ei av sideelvane, Rotte. Rotterdam har om lag 665 000 innbyggjarar.
Den 14. mai 1940 vart byen bomba til ruinar av det tyske Luftwaffe.