Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Rutenia

Rutenske område rundt år 1000

Rutenia er eit namn som blir brukt om delar av Aust-Europa som var folkesett av austslaviske folk. I tillegg er namnet blitt brukt om ei rekkje statar som har eksistert i dette området. Eigentleg er ordet ein latinsk variant av Russ, eit namn på ei folkegruppe og mellomalderstaten Kiev Rus.

Den vidaste historiske bruken av både Russ og Rutenia har vore om eit område danna av Ukraina og Belarus og dessutan mindre delar av Russland, Slovakia og Polen. På grunn av kontinuerleg politisk ustabilitet kan nemninga Rutenia ha ulik tyding avhengig av kven som bruker det, kvifor og kva tid det blir brukt.

Under Habsburgmonarkiet var rutensk og rutenarar offisielle namn på dei ukrainsktalande innanfor imperiet. På 1890-talet byrja rutenske nasjonalistar å bruka nemninga rutensk-ukrainsk, og seinare ukrainsk, for å understreka fellesskapet med den ukrainsk-talende befolkninga i vestlege delar av det russiske riket.[1]

Rutenia har òg vore brukt som eit synonym på Russland. Til dømes har Belarus (Kviterussland) blitt kalla Kviterutenia. I Vesten har ordet meir eller mindre gått ut av bruk, men det blir framleis brukt i ei viss grad om det vest-ukrainske fylket Zakarpatska (Karpato-Rutenia). Dette området var i perioden 1938–1939 ein sjølvstendig stat under namnet Karpato-Ukraina.

Den litauiske hovudstaden Vilnius var folkesett av stadlege rutenarar då byen fekk byrettar i 1387.

  1. Mick, Christoph (2016). Lemberg, Lwow, and Lviv 1914-1947: Violence and Ethnicity in a Contested City. Purdue University Press, s.11.

Previous Page Next Page






روتينيا Arabic روثينيا ARZ Рутэнія BE Rutènia Catalan Rutenien Danish Ruthenien German Ruthenia English Rutenia Spanish Rutenia EU روسینیا FA

Responsive image

Responsive image