Salmane, òg kalla Davidssalmane, er ei av visdomsbøkene i Bibelen. Boka inneheld poetiske tekstar og er den lengste boka i Bibelen. Mange av tekstane er retta til Gud.[1]
Boka omfatter i alt 150 salmar i ulike sjangrar.[1] Nokre salmar er vekselsongar som har vore bruka i tidlege jødiske gudstenesteritual (til dømes salme 15 og 24), andre er skrivne for kongevigsling (t.d. salme 2 og 110). Salme 1 og salme 119 er læresalmar, medan dei fleste andre som ber preg av å vere bøner, profeti, fyndord og lovprisingsvers. Dei er knytte til vidt forskjellige tidsperiodar; nokre omtaler hendigar etter bortføringa til Babylon. Tekstene skal ha vore skrivne av Moses, David (vel sytti salmar er Davidssalmar), Salomo (12 salmar), Asaf og fleire andre, ikkje alle er namngjevne. Fleire av tekstane har overskrifter, og i nokre er det ført opp musikalske uttrykk som vi ikkje sikkert kan tyde i dag.