Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Samsara

Samsara (av sanskrit संसार saṃsāra) er eit omgrep frå hinduismen, djainismen og buddhismen som viser til den materielle dimensjonen av verda, det vil seia syklusen av liv me stadig blir gjenfødd inn i, lever og døyr frå. Ordet er sanskrit for flyt saman.

Innan buddhismen og nokre greiner av hinduismen blir samsara sett på som ein illusjon. Det verkelege er det sjelelege, det som kjem dersom ein oppnår nirvana.

Særleg i buddhismen blir samsara sett på som noko negativt og smertefullt som det er om å gjera å lausriva seg frå. Måten ein gjer dette på er å fjerne dei banda som bind oss til samsara, slik som lyster, egoisme, aggresjon, uvit og vanetenking.


Previous Page Next Page