Semitrailer (halvtilhengar) kviler framenden på ei svingskive på ei trekkvogn, medan den bakre delen har ein eller fleire (boggi) akslar. I daglegtale vert gjerne ordet nytta unøyaktig om vogntog med trekkvogn og semitrailer, eller direkte feilaktig om vogntog generelt.
Semitrailer kan ta lang last og har ofte litt større nyttelast enn eit vogntog med påhengs-/slepvogn. Største tillatne lengd på semitrailer i Noreg er 13,6 m og på trekkvogn pluss semitrailer 17,5 m.
Det finst mange typar semitrailer:
Ved hjelp av ein «dolly» kan ein semitrailar gjerast om til ei slepvogn og nyttast saman med ei trekkvogn utan svingskive. Dette er ikkje aktuelt i Noreg grunna maksimalt tilleten lengd, medan til dømes Sverige tillet slike vogntog. Frå 1. juni 2008 vart det starta ei prøveordning for såkalla modulvogntog på maksimalt 25,25 m lengd og 60 tonn total masse også i Noreg[1]