Sennepslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Krossblomordenen Brassicales |
Familie: | Krossblomfamilien Brassicaceae |
Stamme: | Brassiceae |
Slekt: | Sennepslekta Sinapis L., 1753 |
Sennepslekta (Sinapis) er ei slekt i krossblomfamilien. Slekta er utbreidd i Nord-Afrika, Vest-Asia (til og med Pakistan), Kaukasus og Europa. Dei er oftast eittårige, eller meir sjeldan fleirårige, urteaktige plantar med ein opprett, buska vekst. Blada er skruestilte, heile eller samansette med bukta til fjørsnittdelt rand. Blomstrane er samla i lause, opprette standar på enden av kvar stengelforgreining. Dei einskilde blomstrane er regelmessige og firetalige med gule kronblad. Fruktene er skulper som opnast med to klappar og inneheld to til tjue frø. Frøa er oljehaldige og beheld spireevna særs lenge (meir enn 40 år).