Serbisk српски srpski | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Slavisk Sørslavisk Vestleg (Serbokroatisk) | |
Talarar | Serbarar | |
Bruk | ||
Tala i | Serbia, Kosovo, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Romania og Tyrkia | |
Skriftsystem | Det serbiske alfabetet (kyrillisk); det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | sr | |
ISO 639-3 | srp | |
Wikipedia på serbisk |
Serbisk er eit slavisk språk som vert snakka i Serbia, Montenegro og Bosnia-Hercegovina. Det er særleg knytt til serbarar.
Serbisk vart tidlegare kalla serbokroatisk, serbisk eller kroatisk, og hadde tre uttalevariantar (ekavisk, ijekavisk og ikavisk). Eit døme på dette er «mjølk», som på ekavisk vert «mleko», på ijekavisk «mlijeko» og på ikavisk «mliko». Serbisk og kroatisk er no skild frå kvarandre. Den ekaviske varianten av serbisk er mest nytta i Serbia og delvis i Montenegro, medan den ijekaviske varianten vert snakka i Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Kroatia. Kroatisk språk er bygd på ijekavisk (Sentral-Kroatia) og ikavisk (Dalmatia, Istria, Bosnia).
Det serbiske alfabetet nyttar kyrillisk skrift med enkelte spesialbokstavar, medan i Bosnia, Kroatia og Montenegro nyttar ein latinske bokstavar.