Severnaja Zemlja (russisk Северная Земля, tyder «Nordlandet») er ei øygruppe i Arktis og Russland ved 79°30′N 97°19′E / 79.500°N 97.317°E. Ho ligg nord for Tajmyrhalvøya i Sibir på andre sida av Vilkitskijsundet. Øygruppa ligg mellom to randhav i Nordishavet, Karahavet i vest og Laptevhavet i aust.
Severnaja Zemlja vart først oppdaga i 1913 og først kartlagd i 1933. Ho er dermed den siste øygruppa som vart oppdaga på Jorda. Administrativt høyrer ho til Krasnojarsk kraj, men bortsett frå ein polarbase er ho ikkje busett.