Shang, tidlegare også kjend som Yin-dynastiet, var eit dynasti i Kina under bronsealderen på 1000-talet f.Kr. Det er tradisjonelt tidfest til å ha vart frå 1760 eller rundt 1600 f.Kr. til 1122/1027 f.Kr.[1][2] Det herska over den nedre elvedalen til Huangelva.
Dynastiet etterfølgde det halvmytiske Xia-dynastiet og blei etterfølgd av Zhou-dynastiet. Shang er det første kinesiske dynastiet ein har historiske kjelder frå.[1] Den første hovudstaden til dynastiet heitte Bo eller Xibo (Vestre Bo).[2] Den siste hovudstaden til Shang låg nær byen Anyang i Henan. Han blei funnen att i 1899 og graven ut i perioden 1928–1937.[1]