Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Shtetl

Shtetlen Stara Sól med synagoge ved byrjinga av 1900-talet

Sjtetl eller shtetl (frå jiddisch, fl. shtetlekh, på norsk nærast 'liten by') var busetjingar med relativt høg jødisk befolkningsdel i det området dei fleste jødane i Aust-Europa budde før andre verdskrigen.[1]

For det meste var det landsbyar eller småbyar, somtid au bydelar, der mellom ca. tusen og ca. tjue tusen jødar budde. Større jødisk prega byar som Lemberg eller Tshernovits vart kalla shtot ('by'). Geografisk var dei fleste shtetlane i Aust-Polen, framfor alt i Galizia, men au i Ukraina, Kviterussland og Litauen. Desse områda høyrde til historisk for det meste anten Russland eller Austerrike-Ungarn.

Dei askenasiske jødane i shetlane snakka til kvardags for det meste jiddisch. Mange av dei heldt meir fast på dei religiøse tradisjonane sine enn jødar i Sentral- eller Vest-Europa.

Dei vanlege yrkesgruppene i shtetlane var handverkarar, småhandlarar og daglønsarbeidarar. Det var ofte stor fattigdom der. Både fattigdomen og pogromar gjorde at mange utvandra frå slutten av 1800-talet.

Shtetlkulturen og jiddisch vart sedd ned på, også av ein del andre jødar, men somme jødiske intellektuelle og skribentar byrja rundt hundreårsskiftet (frå ca. 1900) å setje pris på delar av denne kulturen, og gav eit meir positivt bilete av han. Livet i shtetlen fekk litterære minnesmerke i yidish språkdrakt, mellom anna av Sholem Aleikhem, Mendele Moikher Sforim, Isaak Leib Perez og Isaak Shtern. Etter den mest heilt fullstendige utslettinga av shtetlane og innbyggjarane der i Shoah, vart eit nostalgisk syn på shtetlkulturen meir utbreidd.

  1. Groth, Bente (16. april 2019). «shtetl». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Previous Page Next Page






Shtetl AF Schtetl ALS شتيتلس Arabic Shtetl AST Щетъл Bulgarian Štetl Czech Shtetl CY Shtetl Danish Schtetl German Shtetl English

Responsive image

Responsive image