Sìchuān | |||
四川 | |||
provins | |||
Utsyn mot Chengdu.
| |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 485 000 km² | ||
Folketal | 81 100 000 (2013) | ||
Sichuan 30°N 103°E / 30°N 103°E | |||
Plasseringa av Sichuan i Kina.
| |||
Wikimedia Commons: Sichuan |
Sichuan (forenkla kinesisk 四川, pinyin Sìchuān, tidlegare postromanisering Szechwan og Szechuan) er ein provins i Kina.
Provinsen dekker 485 000 km², og er den største provinsen i det sørvestlege Kina. Av desse er 98 % hankinesarar, mens resten høyrer til 14 av dei offisielle etniske minoritetane i Kina. Provinsen er fjellrik med mange elvar, den største og viktigaste er Chang Jiang. Sichuan er rikt på naturressursar: kol, olje, naturgass, titan, kopar, vanadium, gull og salt. Provinshovudstad er Chengdu.
Sichuan kan delast i to topografiske halvdelar: Sichuanhøgsletta i vest, og Sichuanbassenget (det raude bekken) i aust. Sichuanhøgsletta er del av den tibetanske høgsletta med fleire nord-sør-gåande fjellryggar. Området har mange høgtliggande beitemarker og skogkledde tindar. Høgsletta er delt i to autonome prefektur med tibetanarar, qiangfolket og/eller yifolket. Det raude bekken har subtropisk klima og rikeleg sommarregn. Heile landskapet er oppdyrka, terrassert og kunstig vatna. Det er svært tettfolka, men ettersom det er omgitt av fjell har det i tidlegare tider vore mykje isolert frå omverda. Frå 1950-åra har omfattande veg- og jarnbanebygging opna området.
Storbyen Chongqing vart i 1997 skilt frå provinsen og dannar no ein sjølvstendig byprovins.