Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Sierra Nevada de Santa Marta

Fjellkjeda Sierra Nevada de Santa Marta
fjell
Land  Colombia
Høgd 5 775 moh.
Koordinatar 10°50′18″N 73°41′12″W / 10.83833°N 73.68667°W / 10.83833; -73.68667
Kart
Sierra Nevada de Santa Marta
10°52′00″N 73°43′12″W / 10.866666666667°N 73.72°W / 10.866666666667; -73.72
Wikimedia Commons: Sierra Nevada de Santa Marta

Sierra Nevada de Santa Marta er ei fjellkjede lengst nord i Colombia, men isolert og skilt frå Andes-fjellkjeda som går gjennom landet frå nord til sør. Det høgste fjellet når ei høgd på ca. 5775 moh. berre 42 kilometer frå den karibiske kysten, det gjer Sierra Nevada til verdas høgste kystområde. Sierra Nevada omfattar ca. 17 000 km² og fungerer som kjelda til 36 elvar. Fjellkjeda ligg innanfor tre departement, desse er Magdalena i vest, Cesar i søraust og La Guajira i nordaust.

Det høgste punktet i Sierra Nevada, og Colombia generelt, er rekna å vere Pico Cristóbal Colón på 5775 moh.[1][2] Fjelltoppen like ved, Pico Simón Bolívar, er omtrent på same høgd og begge ligg i kommunen Aracataca.

Sierra Nevada er ei kompakt fjellkjede, med etter måten lite arealutbreiing i området, og fullt omgjeve av lågtliggande landområde med høgder som ligg under 200 m. Hovudryggraden i Andes kan ikkje nåast frå Sierra Nevada utan å gå under 200-meternivået. Dette gjev det høgaste punktet her verdas femte største primærfaktor.

Fleire toppar i Sierra Nevada er synlege frå Cerro Paramillo, ein 3730 m[3] høg topp i vestlege Andes, Antioquia-departementet. Dette inneber ei teoretisk direkte synslinje på i overkant av 500 kilometer, rapporterte å vere den lengste avstanden mellom to punkt på jordoverflata som ligg i synslinje.[4]

Årleg gjennomsnittleg nedbør er estimert til 4000 mm i høgder på 500 m til 1500 moh.[5] Temperaturen varierer mellom 0 °C og 27 °C.[6]

Det er hevda at Sierra Nevada de Santa Marta har verdas største konsentrasjon av endemiske og truga artar av amfibium og fuglar.[7] Nasjonalparken Parque Nacional Natural Sierra Nevada de Santa Marta blei oppretta i 1964. Han bidrar til å verne biomangfaldet i området.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet pw
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet snl
  3. «Cerro Paramillo - Peakbagger.com», www.peakbagger.com, henta 5. januar 2019 
  4. «Panoramas», www.viewfinderpanoramas.org, henta 5. januar 2019 
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Villegas381
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Parque Nacional
  7. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rainforesttrust

Previous Page Next Page