46°52′N 10°07′E / 46.867°N 10.117°E
Silvretta | |||
Fjellkjede | |||
Land | Austerrike, Sveits | ||
---|---|---|---|
Statar | Tirol, Vorarlberg, Graubünden | ||
Del av | Dei sentrale Alpane | ||
Grensar til | Rätikon, Verwall, Samnaunfjella, Sesvennafjella, Albulafjella | ||
Høgaste punkt | Piz Linard | ||
• høgd | 3 410 moh. | ||
- koordinatar | 46°50′N 10°02′E / 46.833°N 10.033°E | ||
Silvretta 46°52′00″N 10°07′00″E / 46.866667°N 10.116667°E | |||
Wikimedia Commons: Silvretta |
Silvretta er ei fjellkjede i sentrale og austlege område av Alpane i Tyrol og Vorarlberg i Austerrike, og Graubünden i Sveits. Dei austerrikske delstatane Tyrol og Voralberg er knytt saman av fjellovergangen Silvretta Hochalpenstraße på 2 032 m. Dei fleste toppane er høgare enn 3 000 m, og er omringa av isbrear, derfor vert området òg kalla «Blå Silvretta»
Rundt Silvretta ligg fjellkjedene Rätikon, Verwallfjella og Samnaunalpane.
Piz Buin er ikkje det høgaste fjellet, men den mest populære toppen i fjellkjeda. Det er relativt lett å nå denne toppen frå både nord og sør.
Silvretta er vidkjendt for gode vilkår for laussnøkøyring. På 1920-talet heldt Ernest Hemingway seg i området om vinteren (han budde ved Schruns i Montafon i Austerrike. Seinare skreiv han soger om opplevingane sine då han køyrde ski i Silvretta. Nokre av desse sogene kan ein lese om i A moveable feast.