Sirius er den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen. Med ein synleg tilsynelatande storleik på −1,46, lyser ho nesten dobbelt så kraftig som Canopus, den nest mest lyssterke stjerna. Namnet «Sirius» kjem frå gammalgresk: Σείριος Seirios («gloande» eller «brennande»). Stjerna har Bayernemninga Alfa Canis Majoris (α CMa). Det som det nakne auga oppfattar som ei enkel stjerne er i røynda ei dobbeltstjerne, som består av ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A1V, kalla Sirius A, og ein kvit dverg med spektralklasse DA2, kalla Sirius B. Avstanden mellom Sirius A og B varierer mellom 8,2 og 31,5 AU.[20]
Sirius verkar lys både på grunn av den faktiske luminositeten og nærleiken til jorda. Med ein avstand på 2,6 parsec (8,6 lysår), som astrometrisatelliten Hipparcos målte,[5][21][22] er Sirius-systemet ein av dei mest nærliggande naboane til jorda. For alle observatørar som er sør for 73 grader nord, er ho den mest nærliggande stjerna (etter sola) ein kan sjå med det nakne auga. Sirius flyttar seg sakte nærmare solsystemet, og lysstyrken vil auke noko dei neste 60 000 åra. Etter den tid vil avstanden auke igjen, men ho vil vere den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen til jorda dei neste 210 000 åra.[23]
Sirius A er nesten dobbelt så massiv som sola og har ein absolutt tilsynelatande storleiksklasse på 1,42. Ho er 25 gonger meir lyssterk enn sola[8] men har langt lågare luminositet enn andre lyssterke stjerner som Canopus eller Rigel. Systemet er mellom 200 og 300 millionar år gammalt.[8] Systemet bestod opphavleg av to lyssterke, blå stjerner. Den meir massive av desse, Sirius B, forbrende ressursane sine og vart ei raud kjempe, før ho kasta av seg dei ytre laga og kollapsa til den noverande tilstanden som ein kvit dverg for kring 120 million år sidan.[8]
Sirius vert òg på folkemunne kalla «Hundestjerna», etter plasseringa i stjernebiletet Den store hunden.[14] Den heliakiske oppgangen til Sirius markerte den årlege flaumen i Nilen i Det gamle Egypt og «hundedagane» om sommaren for grekarane i antikken, medan ho for polynesarane markerte vinter og var ei viktig stjerne for navigering kring Stillehavet.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SIMBADa
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet McCook2006
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Hoffleit1991
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet aaa474_2_653
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet VanDenBos1960
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Liebert2005
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Adelman2004
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Qiu2001
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Royer2002
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Holberg1998
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet note-Luminosity
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Allen1899
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet gingerich
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Kumar2002
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Spahn1996
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SIMBADb
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet VanAltena1995
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Schaaf2008