Sitka | |||
City and Borough of Sitka | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Alaska | ||
Del av | organized borough | ||
Areal | 12 461,482347 km² | ||
Folketal | 8 458 (1. april 2020)[1] | ||
Sitka 57°03′12″N 135°20′05″W / 57.0533°N 135.3347°W | |||
Wikimedia Commons: Sitka, Alaska |
Sitka er ein by og kommne søraust i den amerikanske delstaten Alaska. Han ligg på vestkysten av Baranof Island, og er den einaste stillehavskystbyen i Søraust-Alaska.[2] Sitka ligg 150 km sørvest for Juneau.[2]
Staden blei opphavleg folkesett av tlingitfolk for over 10 000 år sidan. Namnet kjem frå urfolksspråket tlingit, Sheetʼká, ei samantrekking av Shee At'iká,[3] som tyder 'folk på yttersida av Baranof Island'. Russiske kolonisatorar kalla sin busetnad på staden Novo-Arkhangelsk (Ново-Архангельск eller Новоaрхангельск, Novoarkhangelsk) etter Arkhangelsk i Russland.[4]