Ska | |||
| |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Seint på 1950-talet på Jamaica | ||
Typiske instrument | |||
Avleidde former | |||
Blandingssjangrar | |||
Musikalske scener | |||
Andre emne | |||
Ska er ein musikkstil som starta på Jamaica tidleg på 1960-talet. Han var påverka av mento (ei lokal form for calypso) og rhythm ’n’ blues. Ska er kjenneteikna av ein veldig rytmisk stil, ofte med framståande offbeat, og har gjeve opphav til bl.a. rocksteady, reggae, dub og dancehall, og har påverka mange andre musikksjangrar, ikkje minst punk. Tidleg på 1960-talet var ska den dominerande musikksjangeren på Jamaica, og blei også populær i Storbritannia.
Den første ska-innspelinga skal ha blitt gjort av trommespelaren Count Ossie, ein nyabhingi-rastafarianar.[1] Typiske ska-band hadde instrument som piano, gitar, bass, trommer og blåseinstrument, inkludert saksofon.[2]
Ska er både dansemusikk og sosial protest. Tekstane ironiserer ofte rundt klasseskilje, rasediskriminering og kjønnsstereotypar.