Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Skarverennet

Skarverennet er eit av dei største skirenna i verda og vert arrangert av Geilo Idrettslag. Rennet går i slutten av april og markerer slutten på skisesongen for mange av deltakarane. Løypa er 38 km og går langs Hallingskarvet frå Finse til Ustaoset og vart arrangert første gong i 1974. Det er tre drikkestasjonar langs løypa: Lengjedalsvatnet (berre frå Finse), Bjødnabu og Raggemyran.

Alle deltakarar som startar frå Finse må ta toget for å delta, då det ikkje går veg dit. For å kunne ta imot fleire deltakarar er det i seinare år (frå 1996) laga ei alternativ 24 km lang rute frå Haugastøl til Ustaoset. Etter denne utvidinga er kapasiteten på ca 12 000 deltakarar. Deltakarane vert delte i tre klasser: Tur, trim og konkurranse.


Previous Page Next Page






Skarverennet English Skarverennet French Skarverennet Dutch Skarverennet NB

Responsive image

Responsive image