Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
50°40′45″N 4°24′25″E / 50.67917°N 4.40694°E
Slaget ved Waterloo vart utkjempa 18. juni 1815, nær Waterloo i dagens Belgia, som då var ein del av Det sameinte kongeriket Nederlanda. Ein fransk armé under keisar Napoléon I vart slegen av styrkar frå den sjuande koalisjonen, som var ein britisk-alliert armé leidd av feltmarskalk Arthur Wellesley (hertugen av Wellington) og ein prøyssisk armé under feltmarskalk Gebhard von Blücher.
Ved Napoléon si attvinning av makta i Frankrike i mars 1815, danna mange av dei europeiske statane som før hadde kjempa mot han - den sjuande koalisjonen og byrja mobilisering av hærstyrkar. To store styrkar under Wellington og Blücher samla seg i byrjinga av juni nær den nordaustre grensa til Frankrike. Napoléon valde å angripa i von om å nedkjempa dei kvar for seg før dei kunne slutta seg saman. Den 16. juni 1815, to dagar før slaget ved Waterloo, vart Blücher sin prøyssiske armé slegen av franskmennene i slaget ved Ligny.
Wellington avgjorde å konfrontera Napoléon då han fekk vita at den prøyssiske styrken hadde omgruppert seg etter nederlaget og kunne gje han støtte. Dei franske styrkane var på rundt 73 000 soldatar, mot dei stod 68 000 britisk-allierte soldatar, etter kvart forsterka med rundt 50 000 prøyssiske soldatar. Wellingtons armé, utplassert langs vegen ved skråningane opp mot den vesle landsbyen Mont-Saint-Jean, stod imot fleire angrep frå dei franske styrkane før den prøyssiske styrken kom utpå ettermiddagen og braut gjennom Napoléon sin høgre flanke. Wellington ordna då eit motangrep og dei britisk-allierte- og prøyssiske styrkane dreiv den franske styrken på flukt. Begge sider hadde store tap og rundt 40 tusen soldatar vart drepne eller såra.
Slaget ved Waterloo var det avgjerande i felttoget og Napoléon sitt siste. Nederlaget enda Napoléon sitt styre som keisar av Frankrike og markerte slutten på hundre dagars retur frå eksil. Koalisjonsstyrkane invaderte Frankrike og innsette kong Ludvig XVIII. att. Napoléon abdiserte og vart send i eksil til St. Helena der han heldt til resten av sit liv og døde i 1821. Slaget ved Waterloo avslutta over tjue år med krig i Europa (revolusjonskrigane og napoleonskrigene) og no byrja ei periode med langvarig fred. Slaget er det mest omtalte og studerte i den vestlege militære historia og prega Europa fram til første verdskrig.