Ein spikar er ein pinneforma gjenstand, framstilt av eit hardt metall, med ein spiss i den eine enden og ei utviding («hovud») i den andre. Spikar vert nytta til å halde materiale saman, til dømes treverk mot treverk, eller treverk mot betong. I dag er det vanlegast med spiker av stål, medan i førmoderne tid blei dei gjerne laga i jern.
Spikaren verker ved at ein slår han gjennom materiala som skal festast, slik at han sit inni dei. Friksjonen mellom spikaren og materiala gjer at dei sit saman. Spesielt store er de tversgåande kreftene i ein spikar, noko som gjer at to materiale som er slått saman har ein svært stor tversgåande styrke.
Ein kan slå inn ein spikar med hammar eller spikarpistol.
Dimensjonane til ein spikar reknast ut i frå to mål; lengde og tjukkleik. Spikar delast inn i fleire kategoriar, avhengig av kvar spikaren skal nyttast og til kva slags utsjånad resultatet skal få.