St. Gallen | |||
by | |||
St. Gallen-katedralen og gamlebyen.
| |||
|
|||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Distrikt | St. Gallen | ||
Areal | 39,41 km² | ||
Folketal | 75 833 (31. desember 2018)[1] | ||
Språk | tysk | ||
ISO 3166-2 kode | CH-SG | ||
Postnummer | 9000 | ||
St. Gallen 47°25′24″N 9°22′38″E / 47.423333333333°N 9.3772222222222°E | |||
Wikimedia Commons: St. Gallen |
St. Gallen[a] er ein by og ein kommune og hovudstad i kantonen St. Gallen i Sveits. Kommunen har 72 959 innbyggjarar (2010) og eit areal på 39 km². Byen ligg 675 meter over havet.
St. Gallen ligg ved elva Steinach, ei elv som munnar ut i Bodensjøen. Byen var grunnlagd på 600-talet og vaks opp rundt St. Gallen-klosteret, som vart skipa på 700-talet.[2] Bynamnet St. Gallen er etter vandrarmunken Gallus, så byen vert også kalla Gallusstadt.
I dag er byen rekna som det kulturelle og økonomiske senteret i Aust-Sveits. Han ligg på aksen mellom hovudårane St. Margrethen-Rorschach-St. Gallen-Winterthur-Zürich og Romanshorn-St. Gallen-Rapperswil-Luzern, og er ein inngangsport til Appenzell-regionen. Største turistmåla i byen er stifts kyrkja og katedralen, det gamle St. Gallen-klosteret og stiftsbiblioteket. Alle bygningane er på verdsarvlista til UNESCO.
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne