Stoffskifte eller metabolisme er eit sett av kjemiske reaksjonar som skjer i levande celler. Desse prosessane er grunnlag for alt liv og heilt naudsynte for at celler skal kunne vekse og reprodusere seg, og for anabolisme (oppbygging) og katabolisme (nedbryting). Ein slåande eigenskap ved stoffskiftet er likskapane mellom grunnleggande metabolske vegar og grunnleggande komponentar mellom veldig ulike artar. Desse likskapane kjem truleg av at dei vart utvikla tidleg i evolusjonshistoria.
Med metabolisme kan ein òg meine dei kjemiske reaksjonane som skjer i levande organismar, inkludert fordøyinga og transport av substansar inni og mellom ulike celler. Metabolisme blir normalt delt inn i to kategoriar, katabolisme og anabolisme. Katabolisme bryt ned organisk materiale for å hauste energi i celleandinga. Anabolisme brukar energi til å bygge komponentar til cella, som protein og nukleinsyrer. Dei kjemiske reaksjonane i metabolismen er organiserte i metabolske vegar, der eit kjemikal blir omdanna gjennom ein serie av steg til andre kjemikal ved enzymaktivitet. Enzyma er veldig viktige for metabolismen fordi dei gjer at organismar kan drive ønskelege reaksjonar som krev energi, og som ikkje kan oppstå av seg sjølv, ved å kople desse reaksjonane til spontane reaksjonar som frigjev energi. Når enzym er katalysatorar, kan desse reaksjonane gå raskt og effektivt. Farten på stoffskifte, metabolsk fart, påverkar kor mykje mat ein organisme treng.