Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Store levande Tsjola-tempel

Store levande Tsjolatempel

LandIndia
Innskriven ved UNESCOs 11. sesjon i 1987.
Referansenr. 250.
Kriterium:II,III
Sjå ògVerdsarvstader i Asia
BakgrunnsstoffStore levande Tsjolatempel ved unesco.org

Store levande Tsjola-tempel[1] er ei gruppe av tre hindutempel frå Tsjolatida som er oppførte på UNESCO si liste over verdsarv. Dei tre templa ligg i Tamil Nadu i Sør-India og stammar frå 1000- til 1100-talet. Alle tre er framleis i bruk som sakralbygg.

Det eldste av templa, som også var det første som blei innskrive på verdarvlista, er Brihadisjvara-tempelet i Thanjavur. Dette blei oppført i 1987. I 2004 blei oppføringa utvida med dei to andre templa, Brihadisjvara-tempelet i Gangaikonda Cholapuram og Airavatesjvara-tempelet i Darasuram.

  1. Norsk nemning etter UNESCO-oppføringa på engelsk Great Living Chola Temples, fransk Les grands temples vivants Chola.

Previous Page Next Page