Strand kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Adm.senter | Jørpeland | ||
Areal | 261,69 km² | ||
• land | 235,83 km² | ||
• vatn | 25,86 km² | ||
Folketal | 13 703 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Irene H. Lauvsnes (H) | ||
Kommunenr. | 1130 | ||
Strand kommune 59°03′48″N 6°01′40″E / 59.063333°N 6.027778°E | |||
Kart som viser Strand kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Strand, Norway | |||
Nettstad: www.strand.kommune.no |
Strand er ein kommune i Rogaland fylke, i landskapet Ryfylke. Jørpeland i Strand med om lag 6000 innbyggjarar vart by i 1998. Tettstaden Tau har om lag 3000 innbyggjarar.
Strand kommune dekkjer ei halvøy som ligg mellom Idsefjorden og Fognafjorden/Årdalsfjorden og fleire småøyar, som Idse, Idsal og Hidle. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1965, då landet på sørbredden av Årdalsfjorden blei overført frå Årdal kommune.
Kommunen har namn etter ein strandliggjande gard. Kommunevåpenet viser tre raude vasshjul på sølv bakgrunn.