Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.
Sura
«Sure» peiker hit. For den europeiske elva, sjå Sûre.
Sura 15, Al-Hijr, frå ein andalusisk koran frå 1100-talet.
Sura eller sure (arabisk سورة, sūrah) er det kvart kapittel i Koranen blir kalla. Koranen har 114 surer som hovudsakleg er ordna etter lengd, med den lengste først (etter opningssura). Kvar sure er delt inn i kortare aya eller ayat, vers.