Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Symptom

Eit diagram som visar vanlege symptom ved Aids

Eit symptom er eit avvik frå den normale helsetilstanden til ein pasient, og kan tyda på tilstadeveringa av fysisk eller psykisk sjukdom, liding eller skade. Eit symptom er alltid subjektivt, ei oppfatning hjå pasienten som ikkje kan målast av andre,[1] og skil seg frå sjukdomsteikn (eller teikn), som er objektive observeringar.[2] Til dømes er parestesi eit symptom, og det er berre personen som erfarer det som kan kjenne kilinga, medan erytem er eit sjukdomsteikn, og kven som helst kan sjå at huda er raudare enn vanleg. Symptom og sjukdomsteikn er ofte uspesifikke, men kombinasjonar av dei kan ofte tyde på ein spesifikk diagnose, noko som gjer det enklare å snevre inn kva som er feil. Andre gongar er dei så spesifikke at dei kan reknast for å vere patognomiske.

Omgrepet er stundom nytta om fysiologiske tilstandar utanfor konteksten av sjukdom, som til dømes når ein snakkar om «symptom på graviditet».

  1. Devroede G (1992). «Constipation—a sign of a disease to be treated surgically, or a symptom to be deciphered as nonverbal communication?». J. Clin. Gastroenterol. 15 (3): 189–91. 
  2. Kåss, Erik (13. februar 2009). «symptom». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 17. desember 2014. 

Previous Page Next Page






Simptoom AF Simptoma AN عرض (طب) Arabic Síntoma AST Сімптом BE Сымптом BE-X-OLD Симптом Bulgarian Simptom BS Símptoma Catalan نیشانەی نەخۆشی CKB

Responsive image

Responsive image