![]() Taj Mahal | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
![]() | Innskriven ved UNESCOs 7. sesjon i 1983. Referansenr. 252. | ||
Kriterium: | I | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Asia | ||
Bakgrunnsstoff | Taj Mahal ved unesco.org |
Taj Mahal er eit monument som ligg ved elva Jamuna i Agra nord i India. Det står på UNESCO si verdsarvliste og er eit nasjonalt symbol for India. Byggverket stammar frå Mogulriket, som varte frå tidleg på 1500-talet til midt på 1700-talet og på det største omfatta noko av dagens Afghanistan og mykje av Pakistan, Bangladesh og India.
Mausoleet ligg i eit flatt og roleg landskap ved elva Jamuna (Yamna) i Agra og er bygd i kvit marmor. Byggverket kombinerer element frå persisk, tyrkisk, indisk og islamsk arkitektur og blir rekna blant det øvste av mogularkitekturen.
Taj Mahal blei bygd av stormogulen Shah Djahan som eit mausoleum for den persiske kona hans, Arjumand Banu Begum, betre kjend som Mumtaz-ul-Zamani eller Mumtaz Mahal ('Pryden til palasset').[1] Bygginga av mausoleet byrja i 1632 og det stod ferdig i 1648. Resten av arbeidet med anlegget rundt var ferdig i 1653.Det praktfulle bygget tok alstå 23 år å fullføre, og tømte skattkammeret til keisaren.
Mogulkeisaren blei avsett av sonen sin, Aurengzeb, i 1658 og sperra inne i Agrafestningen, der han rett nok kunne sjå rett på monumentet. Då den avsette keisaren døydde etter sju år i fangenskap let sonen han gravleggja ved sidan av Mumtaz. Bygget er rekna for å vera eit muslimsk gravkammer.
Den britiske visekongen av India, lord Curzon, sette i verk restaureringsarbeid i åra 1899-1905 medan han var britisk visekonge over India.[2]
I 1983 blei Taj Mahal ført opp på UNESCO si verdsarvsliste som «eit universelt beundra meisterverk blant verdsarv.» Den 7. juli 2007 blei mausoleet òg utpeikt til eit av dei sju nye underverka i verda. På persisk tyder ordet taj krone og mahal palass. Ein kan omsetja Taj Mahal til «palasset der krona ligg».