Taksonomi er praksisen og studien av klassifisering. Ordet blir òg brukt som substantiv: ein taksonomi, eller ei taksonomisk ordning om ei spesiell klassifisering. Ordet har røter i det greske τάξις, som tyder 'orden', 'arrangement', og νόμος, som tyder 'løyve' eller 'vitskap'. Opphavleg blei taksonomi berre brukt om klassifisering av organismar.[1] I ein vidare, meir generell forstand kan taksonomi referere til ein klassifikasjon av ting eller omgrep, så vel som til dei prinsippa som ligg til grunn i ein slik klassifisering. Mange taksonomiar har ein hierarkisk struktur, men dette er ikkje eit krav. Taksonomi brukar taksonomiske einingar, kjent som takson.