Tamrein er rein haldne som husdyr av menneske. Reindrift er blitt starta opp ved at ein har gjeta rein og etterkvart merkt og til ein viss grad avla på han. Det er ingen genetisk skilnad mellom villrein og tamrein. I Noreg er det samisk reindrift frå Hedmark og nordover. Også i dei norske villreinområda har det tidlegare vore drive reindrift, enno er det fire tamreinlag i Sør-Noreg. Villrein og rein som har vore tamrein kan difor ha blanda seg i mange område, slik dei har gjort det på Hardangervidda.
Rundt år 1900 var det om lag 100 000 tamrein i Noreg. I 2003 blei talet estimert til vel 200 000 dyr. 70 % av tamreinen er i Finnmark. Mangel på vinterbeite, uro på kalvingsplassane og tap til rovdyr, spesielt jerv, er dei største problema for reindriftsnæringa.