Tarzan av Phil Collins Filmmusikkalbum av Phil Collins | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. mai 1999 | |
Innspelt | 1998–1999 | |
Studio | Conway Recording Studios Capitol Studios Sony Music Studios Oceanway Recording | |
Sjanger | ||
Lengd | 40:55 | |
Selskap | Walt Disney | |
Produsent |
| |
Walt Disney Animation Studios-kronologi | ||
---|---|---|
Mulan (1998) |
Tarzan av Phil Collins | Fantasia 2000 (1999) |
Phil Collins-kronologi | ||
...Hits (1998) |
Tarzan av Phil Collins | Testify (2002) |
Singlar frå Tarzan: An Original Walt Disney Records Soundtrack | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Filmtracks | [2] |
Sputnikmusic | 4.5/5[3] |
Tarzan: An Original Walt Disney Records Soundtrack er eit filmmusikkalbum for den animerte Disneyfilmen Tarzan frå 1999. Songane på albumet vart komponerte av Phil Collins og ein del av filmmusikken nytta i filmen av Mark Mancina. Songen «You'll Be in My Heart» vann Oscarprisen og ein Golden Globe for beste originale song.
Tarzan var det første Disney-albumet som vart spelt inn i fleire språk for forskjellige marknader med Collins på song på engelsk, italiensk, tysk, spansk og fransk. Phil Collins fekk hjelp av komponisten Eric Serra til å lage dei franske versjonane av songane.
Tarzan vart gjeve ut av Walt Disney Records den 18. mai 1999 og nådde femteplassen på Billboard-lista i USA i juli same året, samstundeds med at filmen hadde premiere. Det vart eit stort comeback for Collins som vann Oscarprisen for beste song med «You'll Be In My Heart».