Tel Aviv-Jaffa | |||
תל־אביב–יפו تل أبيب - يافا | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
distrikt | Tel Aviv | ||
Storbyområde | Gush Dan | ||
Høgd | 5 moh. | ||
Koordinatar | 32°4′N 34°47′E / 32.067°N 34.783°E | ||
Areal | 52 km² | ||
• by | 176 km² | ||
• storbyområde | 1 516 km² | ||
Folketal | 414 600 (2013)[1] | ||
• by | 1 318 300 | ||
• storby | 3 464 100 | ||
Folketettleik | 7 973 / km² | ||
Grunnlagd | 11. april 1909 | ||
Borgarmeister | Ron Huldai | ||
Tidssone | IST (UTC+2) | ||
• Sommartid | IDT (UTC+3) | ||
Postnummer | 61999 | ||
Retningsnummer | +972 (Israel) 3 (by) | ||
![]() Tel Aviv 32°05′N 34°47′E / 32.08°N 34.78°E | |||
Wikimedia Commons: Tel Aviv-Yafo | |||
Nettstad: tel-aviv.gov.il |
Tel Aviv-Jaffa (hebraisk: תֵּל־אָבִיב–יָפוֹ – Tel Aviv-Yafo; arabisk: تَلّ أَبِيب - يَافَا – Tall ʾAbīb - Yāfā) er den nest største byen i Israel og det største storbyområdet, med eit folketal på høvesvis 414 600 og 3 464 100.[1] Han ligg ved middelhavskysten sentralt og vest i Israel, i storbyområdet Gush Dan, der 42 % av innbyggjarane i Israel bur. Han er òg den største og mest folkerike byen i Gush Dan.[2] Sidan Dei sameinte nasjonane og alle andre land ikkje anerkjenner Jerusalem som hovudstaden i Israel, ligg mange av dei utanlandske ambassadane i Tel Aviv.[3]
Tel Aviv vart grunnlagd av det jødiske samfunnet i utkanten av den gamle hamnebyen Jaffa i 1909. Jødisk immigrasjon gjorde at Tel Aviv raskt vart større enn Jaffa, som hadde ein majoritet av arabarar på den tida.[4] Tel Aviv og Jaffa vart slått saman til ein enkel kommune i 1950, to år etter staten Israel vart oppretta. Den kvite byen i Tel Aviv fekk status som verdsarvstad i 2003, og har den største konsentrasjonen av Bauhaus-bygningar i verda.[5][6]
Tel Aviv er eit teknologisk og økonomisk senter i landet, og her finn ein Tel Aviv-børsen, føretakskontor og forsking- og utviklingssenter.[7] Han er finanshovudstaden i landet og eit forretningssenter.[8] Tel Aviv har den nest største økonomien i Midtausten etter Dubai, og er den 31. dyraste byen i verda.[9] Med 2,5 millionar internasjonale vitjande kvart år, er Tel Aviv den femte mest vitja byen i Midtausten.[10] Han er kjend som «byen som aldri søv» og ein «partyhovustad» på grunn av det livlege utelivet, den dynamiske atmosfæren og den kjende 24-timarskulturen.[11][12]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet GAWC