Eit telefonnummer er ein sekvens av tal som vert brukt til å ringa mellom telefonlinjer i eit offentleg svitsja telefoninett. Norske mobilnummer startar med nummera 4 eller 9, og inneheld som regel 8 siffer. På mobiltelefonar er tastane som regel markerte med eit nummer, samt 3 eller 4 litt mindre bokstavar for bruk til tekstskriving som til dømes SMS.