Ein termodynamisk syklus er ein serie med termodynamiske prosessar som returnerer systemet til den opphavlege tilstanden. Eigenskapane til syklusen avheng berre av den termodynamiske tilstanden og endrar seg ikkje gjennom syklusen. Ifylgje termodynamikken si første lov er netto energitilførsel lik med netto energiuttak gjennom eit omløp av den termodynamiske syklusen. Dei repeterbare eigenskapane til termodynamiske syklusar fører til at kontinuerleg operasjon vert mogleg og gjer termodynamiske syklusar til eit viktig konsept innan termodynamikken. Termodynamiske syklusar arbeider ofte med kvasistabile prosessar når dei vert nytta til å modellera fysiske maskiner.