Teselskapet i Boston (engelsk The Boston Tea Party) er eit populært kallenamn på eit opprør som fann stad den 16. desember 1773 ved hamna i Boston. Aksjonen var ein reaksjon på skattane på te som styresmaktene i Storbritannia hadde pålagt dei britiske koloniane i Nord-Amerika, seinare dei første delstatane i USA. «Teselskapet» bestod i at ei gruppe amerikanarar utkeldde som indianarar tok seg ombord tre handelsskip lasta med te, og kasta all teen over bord. Dette vert rekna som opptakta til Den amerikanske frigjeringskrigen.
Protesten i Boston hadde bakgrunn i ein langvarig strid om britiske styresmakter hadde rett til å fastsetja skatt i koloniane, som ikkje hadde representantar i det britiske parlamentet. Slagordet «No taxation without representation», 'inga skattlegging utan representasjon', viser til dette.
Teloven (Tea Act) frå 1773 slo fast at berre Det britiske austindiakompaniet kunne selja te i dei nordamerikanske koloniane til visse utvalde forhandlarar. Ein skatt på tre pence per pound frå dei tidlegare og omstridde Townshend-lovane blei verande for å demonstrera den britiske «retten til å skattleggja amerikanarar».[1] Elles kunne kompaniet selja teen svært billig.
Teselskapet i Boston har vore inspirasjon for fleire seinare politiske protestar. På 2000-talet blei namnet «Tea Party» teke i bruk av ei mektig politisk protestrørsle i USA.