The Afterglow er ein norsk produsentduo tilknytt Pass it Records. Gruppa består av Hans Marius «latHans» Skifjeld og Eigil «Ill Eig» Berntzen, og har i tillegg til å gjera beats for PI-artistar som Equicez, Phillip, Nico D og Onkl P arbeidd med m.a. Organism 12, Paperboys, MadCon og Karpe Diem.
Afterglow lagar musikken sin med hjelp frå fleire ulike MPCar og dataprogrammet Pro Tools. I tillegg til å sampla litt spelar begge to fleire ulike instrument, noko som har gjeve karane eit breitt spekter av moglegheiter å jobba ut frå.