Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


The Move

The Move

The Move, frå venstre Carl Wayne, Roy Wood, Ace Kefford, Bev Bevan og Trevor Burton
OpphavBirmingham i England
Periode1965–1972
Aktiv1965–2016
SjangerRock og psykedelisk rock
PlateselskapDeram Records, Fly Records, IL
MedlemmerRoy Wood
Carl Wayne
Bev Bevan
Chris «Ace» Kefford
Trevor Burton
Jeff Lynne
Rick Price

The Move var eit av dei fremste engelske banda på 1960-talet. Bandet oppstod i Birmingham i 1965 ved at frontfigurane frå banda Carl Wayne and the Vikings, The Nightriders og The Mayfair Set gjekk saman om å danna eit nytt band. Namnet til bandet, The Move, speglar nettopp dette at medlemmane hadde flytta over frå andre band. Leiaren var gitaristen, songaren og låtskrivaren Roy Wood, som komponerte dei fleste av hitsinglane til gruppa. I dei fem åra dei konsentrerte seg om popmusikk, hadde dei ni topp 20-plasseringar. Seinare dreiv dei The Move som vekselsbruk med Electric Light Orchestra og konsentrerte seg stadig meir om symfonisk rock. Det var først heilt på slutten av karrieren at gruppa satsa på turneverksemd i USA. Likevel blir ho rekna for å ha vore innfverknadsrik og å ha påverka rockemusikken òg på den andre sida av Atlanteren.

The Move var særleg påverka av The Beatles, Motown og amerikanske «West Coast»-band. Roy Wood, trommeslagaren Bev Bevan, bassisten Chris «Ace» Kefford, songaren Carl Wayne og gitaristen Trevor Burton fekk raskt ry for å vera blant dei dugelegaste og mest underhaldande liveartistane i England. Seinare kom dei til å leggja meir vekt på studioarbeid, og det var trioen Wood, Bevan og gitarist/keyboardist Jeff Lynne som omforma The Move til Electric Light Orchestra.


Previous Page Next Page






The Move Catalan The Move Czech The Move Danish The Move German The Move English The Move Spanish The Move Finnish The Move French The Move HE The Move Croatian

Responsive image

Responsive image