Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


The Poets

The Poets
OpphavGlasgow i Skottland
AktivSeint 1962 til seint i 1960-åra, 2011–2012
SjangerBlues,[1] freakbeat, psykedelisk pop
Tilknytte artistarAndrew Loog Oldham
PlateselskapDecca, Immediate
Tidlegare medlemmerMedlemmar

The Poets var eit skotsk blues,[1] freakbeat og psykedelisk popband, som hadde Andrew Loog Oldham som manager og produsent.[2] Somme av singlane deira vart gjevne ut på hans Immediate Records. Versjonen deira av «Baby Don't You Do It», vart produsert av ein av dei faste produsentane i Immediate, Paul Raven (Gary Glitter).

Musikalsk hadde bandet element av både hard R&B ala Small Faces (begge banda spelte inn «Baby Don't You Do It») og The Action blanda med den meir melodiske stilen til The Kinks, The Searchers. Dei hadde ein edwardisk utsjånad liknande stilen til det tidlege Kinks, med mellom anna matchande fløyelsjakkar.

Singelen deira «Now We're Thru'» frå 1964 nådde 31. plassen på den britiske singellista, men ingen av dei andre singlane deira hadde noko suksess utafor Skottland, og dei gav aldri ut eit heilt album.

Somme av singlane deira har dukka opp på populære samlealbum frå 60-åra, som Nuggets II-boksen til Rhino Records. Ein av songane deira, «That's The Way It's Got To Be», vart nytta i filmane Factory Girl og Frankenstein Meets the Space Monster.

  1. 1,0 1,1 Du Noyer, Paul (2003). The Illustrated Encyclopedia of Music (1st utg.). Fulham, London: Flame Tree Publishing. s. 181. ISBN 1-904041-96-5. 
  2. Brown, Allan (30. august 2012). «George Gallacher: Musikar, teacher and activist». Glasgow Herald. Henta 5. september 2012. 

Previous Page Next Page






The Poets German The Poets English

Responsive image

Responsive image