Tibetansk skrift er ein abugida som høyrer til dei nordindiske skriftsystema. Den tibetanske skrifta blir brukt i Tibet og i Bhutan. Det er denne skrifta dei heilage tekstane til dei tibetanske munkane er skrive i. Som for alle indiske skriftsystem har kvar staving ein inherent vokal «a» (ka, kha, ga og så bortetter), som via diakritiske teikn blir endra til andre vokalar (ki, khi, ghi osb.).