Trango Towers | |||
fjell | |||
I midten ligg Trango, til venstre for midten Trango Monk, lengst til venstre Trango II og Great Trango til høgre.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Baltistan | ||
Fjellkjede | Baltoro Muztagh, Karakoram | ||
Høgd | 6 286 moh. | ||
Primærfaktor | 800 m | ||
Koordinatar | 35°46′N 76°11′E / 35.767°N 76.183°E | ||
Geologi | Granitt | ||
Lettast tilkomst | Klatring opp nordvestveggen. | ||
Førstestiging | Galen Rowell | ||
• dato | 1977 | ||
![]() Trango 35°45′26″N 76°12′05″E / 35.757222222222°N 76.201388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Trango Towers |
Trango (engelsk Trango Towers) er eit fjellmassiv med høge, dramatiske granitt-tindar på nordsida av Baltorobreen i Baltistan, ein region i territoriet Gilgit-Baltistan nord i Pakistan. Dei er ein del av fjellkjeda Baltoro Muztagh i Karakoram-fjella. Tindane har nokre av dei høgaste fjellveggane og mest utfordrande klatreveggane i verda. Det høgaste punktet i gruppa er Great Trango Tower på 6 286 moh. Austveggen på Great Trango Tower er den høgaste nær vertikale fjellveggen i verda.