Αὐτοκρατορία Τραπεζούντος Trapezunt-riket | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Trapezunt-riket (brun) og kringliggande statar i 1300. | ||||
Hovudstad | Trabzon | |||
Språk | pontisk gresk (de facto) | |||
Religion | Den austleg-ortodokse kyrkja | |||
Styreform | Autokrati | |||
Keisar1 | ||||
- 1204–1222 | Alexios I | |||
- 1459–1461 | David | |||
Historisk periode | Mellomalderen | |||
- Oppretta | 1204 | |||
- Opphøyrde | 15. august 1461 | |||
1 den fulle tittelen på keisarane av Trapezunt etter 1261 var «den trufaste Basileus og Autokrator av heile Austen, Iberia og Perateia» |
Trapezunt-riket (gresk Βασίλειον τής Τραπεζούντας) var ein bysantinsk-gresk stat som vart danna i 1204 i kjølvatnet av at det bysantinske riket, Austromarriket, kollapsa same år då Konstantinopel vart erobra av det fjerde krosstoget. Dronning Tamar av Georgia gav soldatar til nevøen hennar Alexios I som erobra dei pontius-greske byane i Trapezunt, Sinope og Paflagonia. Trapezunt har vorte kalla det «siste greske riket».[1]