Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Tronfylgjelova under Magnus Erlingsson

Tronfylgjelova under Magnus Erlingsson av 1163 eller 1164 er den fyrste skrivne tronfylgjelova i Noreg. Neste lov om tronfylgje var Tronfylgjelova av 1260.

Lova innførte prisippet om einekongedøme. Eldste ektefødde son av den tidlegare kongen skulle ha fyrsterett til å verta ny konge. I borgarkrigstida mellom om lag 1130 og 1240 var det trass i dette ofte slik at fleire hevda at dei var konge. Mange av desse kom ikkje lenger enn til å vera tronkrevjarar, men vert nokre stader omtala som «konge».

I samråd med kyrkjelege leiarar vart det sett opp krav som den nye kongen skulle stetta. Ein gjekk frå samkongedøme og hylling på lokale ting til einekongedøme og riksval.

Magnus V Erlingsson var den fyrste norske kongen som vart krona. Meininga var at tronfylgja skulle reknast i frå han.


Previous Page Next Page








Responsive image

Responsive image