Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Tropane

Bilete frå Filippinane midt på dagen medan sola nesten står i senit.

Tropane er det geografiske området av jorda som ligg rundt ekvator, mellom dei to vendekretsane, om lag 23°30' (23,5°) N og 23°30' (23,5°) S. Dette området vert òg kalla den heite sona.

Dette området inkluderer alle områda på jorda der sola i løpet av eit år står i senit. I tempererte soner vil sola aldri nå ei høgd på 90º eller stå direkte over hovudet på ein. Ordet «tropane» kjem frå det greske ordet tropos som tyder «vending», fordi sola tilsynelatande svingar mellom dei to vendekretsane med ein periode som definerer middellengda på eit år.

Tropiske planter og dyr er dei artane som høyrer heime i tropane. Tropisk vert òg av og til brukt om det tropiske klimaet, eit klima som er varmt og fuktig året rundt, og som ofte inneheld frodig vegetasjon. Det finst derimot stader i tropane som ikkje har tropisk klima, til dømes Mauna KeaHawaii, Kilimanjaro i Afrika eller Andesfjella i Sør-Amerika. Ein har òg stader i tropane som er tørrare med lågare luftfukt, slik som Sahara, Sentral-Afrika og dei nordlege områda av Outback i Australia.


Previous Page Next Page






Trope AF Tropen ALS Wearm geard ANG منطقة استوائية Arabic منطقه استوائيه ARZ Zona intertropical AST Tropiklər AZ Тропікі BE Тропікі BE-X-OLD Тропици Bulgarian

Responsive image

Responsive image