Tsjaja | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 27 200 km² | ||
Lengd | 194 km | ||
Middelvassføring | 84 m³/s | ||
Munning | Ob | ||
Tsjaja ved Ob 58°16′57″N 82°37′34″E / 58.2825°N 82.62611111°E |
Tsjaja (russisk Ча́я) er ei elv i Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå venstre. Elva er 194 km lang og har eit nedslagsfelt på 27 200 km². Elva har ei middelvassføring på 84 m³/s.
Elva oppstår der elvane Parbig og Baktsjar renn saman. Dei største sideelvane hennar er Njursa og Toja frå venstre og Iksa frå høgre.
Av busetnader langs elva finn ein Ust-Baktsjar, Vargater, Podgornoje, Tsjainsk, Grisjkino og Tsjazjemto.