Türkiye Cumhuriyeti
(norsk: Tyrkia, tyrkisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Istiklâl Marsi» | ||||||
Motto | Yurtta Sulh, Cihanda Sulh ('Fred heime, fred i verda') | ||||||
Offisielle språk | Tyrkisk | ||||||
Hovudstad | Ankara | ||||||
Styresett |
Republikk Recep Tayyip Erdoğan | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
783 562 km² (36.) 1,3 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2000) – Tettleik |
80 845 215 (18.) 67 844 000 103,2 /km² (80.) | ||||||
Erklæring av republikken |
29. oktober 1923 | ||||||
Nasjonaldag | 29. oktober | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
1 576 000 mill. USD (17.) 21 700 USD (65.) | ||||||
Valuta | Tyrkisk lira | ||||||
Tidssone | UTC +2 | ||||||
Telefonkode | +90 | ||||||
Toppnivådomene | .tr
|
Tyrkia (tyrkisk Türkiye), offisielt Republikken Tyrkia, er ein stat i det søraustlege Europa og vest i Asia. Han grensar til Bulgaria og Hellas i vest, Georgia, Armenia og Aserbajdsjan (eksklaven Nakhtsjivan) i nordaust, Iran i aust, og Irak og Syria i søraust. Middelhavet og Kypros ligg i sør, Egearhavet i vest og Svartehavet i nord. Marmarahavet, Dardanellane og Bosporos skil den europeiske og asiatiske delen av Tyrkia frå kvarandre.
Det offisielle språket er tyrkisk, og landet har i lang tid undertrykt minoritetsspråket kurdisk. Innbyggjarane i landet er stort sett muslimar, og det finst sterke spenningar mellom det sekulære styret og islamistar.
Landet ligg i eit møtepunkt mellom fleire kulturar, og har historisk vorte påverka både frå Europa (til dømes gjennom Hellas i antikken) og Asia (gjennom Persia). Landet var òg ein del av Silkevegen. Oghuz-tyrkarar starta å flytte til området ein i dag kallar Tyrkia på 1000-talet. Denne prosessen auka då seldsjukkane vann over Austromarriket i slaget ved Manzikert.[1] Fleire mindre beylikar og seldsjukk-sultanatet Rûm styrte Anatolia fram til den mongolske invasjonen. Frå 1200-talet samla den osmanske beyliken Anatolia og skapte eit rike som dekte det meste av Søraust-Europa, Vest-Asia og Nord-Afrika. Det osmanske riket kollapsa etter nederlaget deira i fyrste verdskrigen, og delar av det vart okkupert av dei allierte. Ein kader av unge offiserar, leia av Mustafa Kemal Atatürk og kollegaene hans, organiserte ein suksessrik motstand mot dei allierte, og i 1923 grunnla dei den moderne Republikken Tyrkia med Atatürk som den fyrste presidenten.
Hæren har mykje makt i Tyrkia, og militære offiserar har ved to høve (i 1960 og 1980) starta kupp mot styresmaktene. Dette har samanheng med den sterke posisjonen som Atatürk enno har i tyrkisk kultur.
Tyrkia har i aukande grad vorte integrert i Vesten gjennom medlemskap i organisasjonar som Europarådet, NATO, OECD, OSCE og G-20-landa. Tyrkia byrja tingingar om fullt EU-medlemskap i 2005. Tyrkia har òg hatt nære kulturelle, politiske, økonomiske og industrielle band til Midtausten og dei tyrkiske statane i Sentral-Asia, samt afrikanske land, gjennom medlemskap i organisasjonar som Det tyrkiske rådet, TÜRKSOY, Organisasjonen for islamsk samarbeid og Economic Cooperation Organisation.
Plasseringa til Tyrkia mellom Europa og Asia har gjeve landet ei viktig strategisk plassering.[2][3][4] På grunn av den strategiske plasseringa, den sterke økonomien og militærstyrken, er Tyrkia ei stor makt i regionen.[4][5]