Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Tysdag

Veka

Tysdag blir gjerne rekna som den andre dagen i veka. Han er oppkalla etter den norrøne krigsguden Ty i dei fleste germansk-språklege land, medan den romerske guden Mars har namngjeve han i dei romanske. Dagen heiter Martis dieslatin, martedíitaliensk og mardifransk.

Somme stader blir tysdagen sett på som uheppen. For grekarane er han mellom anna dagen Konstantinopel fall til tyrkarane. I den spansktalande verda seier eit ordtak at på tysdagar bør ein korkje gifta seg eller leggja ut på reis - En martes, ni te cases ni te embarques. Dagen er også rekna som uheppen somme stader i India på grunn av tilknytinga til planeten Mars, og ein del hinduar dreg til tempel denne dagen for å motverka den vonde innverknaden hans.


Previous Page Next Page






Аҩаша AB Dinsdag AF Dienstag ALS ማክሰኞ AM Martes AN Tiwesdæg ANG الثلاثاء Arabic ܬܠܬܒܫܒܐ ARC تلات ARY يوم التلات ARZ

Responsive image

Responsive image