Ugras er planter som veks ein stad dei er uynskte. Ein kan ha ugras i hagar, i jordbrukssamanheng, i bygd landskap eller vilt i naturen i samanheng med invasive artar.
I åker og eng konkurrerer ugras med nytteplanter ved at dei brukar opp næringsstoff som nytteplantene var tiltenkt og skygger for dei. Ugras fører òg til mat- og fôrplanter vert forureina. I hagar og bed kan ugras i tillegg til å konkurrera bort planter øydeleggja den planlagde utsjånaden. Typiske døme på ugras i Noreg er løvetann, høymol, åkersennep, floghavre, kveke og så bortetter.