Unst | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nordsjøen |
Koordinatar | 60°45′N 0°53′W / 60.75°N 0.88°W |
Øygruppe | Shetlandsøyane
|
Areal | 120,68 km²
|
Høgaste punkt | Saxa Vord (284 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Shetlandsøyane |
Største busetnad | Baltasound
|
Demografi | |
Folketal | 720 (2001) |
Folketettleik | 6,0 /km² |
Unst er ei av North Isles i Shetlandsøyane i Skottland. Ho er den nordlegaste av dei busette øyane i Dei britiske øyane og den tredje største av Shetlandsøyane etter Shetland Mainland og Yell. Ho har eit areal på 120 km².[1]
Unst består stort sett av grassletter og kystklipper. Den største landsbyen er Baltasound, som tidlegare var den nest største sildehamna etter Lerwick. I dag ligg det eit bryggeri, eit fritidssenter og ein flyplass ved landsbyen. Andre busetnader på øya er Uyeasound, med Greenwell's Booth (eit hansatisk varehus) og Muness Castle (frå 1598), og Haroldswick, som har eit båtmuseum og eit kulturarvsenter.