Utrecht | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Provinsar |
Nederland Utrecht | ||||
Grunnlagd | 47 e.Kr. | ||||
Borgarmeister | Aleid Wolfsen | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
99,32 km² 95,67 km² 3,64 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
288 535 3 018/km² | ||||
Koordinatar | 52°06′N 5°7′E / 52.100°N 5.117°E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.utrecht.nl |
Utrecht er ein by i Nederland og administrasjonssete i provinsen Utrecht. Han ligg i nordaustenden av Randstad og er den fjerde største byen i landet med om lag 290 000 innbyggjarar. Storbyområdet rundt Utrecht har opp mot 820 000 innbyggjarar.[2]
Utrecht sitt gamle bysentrum har mange bygg og strukturar frå byen vart grunnlagd og framover. Han har vore det religiøse senteret i Nederland sidan 700-talet. I dag er han sete for erkebiskopen av Utrecht, den øvste nederlandske leiaren i den romersk-katolske kyrkja.[3] Utrecht er òg sentrum for den protestantiske kyrkja i Nederland.
Utrecht har det største universitetet i Nederland og fleire andre høgare utdanningsinstitusjonar. På grunn av den sentrale plasseringa i landet er han òg eit viktig trafikknutepunkt for både veg og jernbane.