VG HD er ein norsk fjernsynskanal som starta sendingane sine 8. november 2014.[1][2] Fjernsynskanalen er ått av den norske tabloidavisa Verdens Gang.[3] VG er berre tilgjengeleg for Canal Digital-kundar, og om lag ein million nordmenn har dimed høve til å sjå på kanalen.[4] Kort tid etter oppstarten kjøpte VG HD reklameplass på TVNorge og TVNorge HD og vart 23. november 2014 fyrst med å levere direktesendt reklame på norsk fjernsyn.[5]